søndag 5. februar 2012

Frå Førde/Jondal til Brisbane, bønder i byn!

Hei!

Då har vi endelig fått på plass bloggen, bedre seint enn aldri!

No kan dåke skjønne at vi har mykje på hjertet, her kjem ein halv roman.

Reisa begynte for Guro sin del med biltur til Bergen, mens Anne-Guro tok fly frå Bringeland. Vi treftes på Flesland og der møtte vi vår første utfordring! OVERVEKT. Takka vere pappaen til Guro og dagens helt i innsjekken slapp vi å kaste så alt for mykje. Der rauk vel ca 15 kilo til sammen, så shopping blir prioritert framover!

Etter eit stort tap gikk flyturen frå Flesland til Frankfurt, der vi hadde ein pause på 6 timar som inkluderte eit aldri så lite McDonald´s måltid. Det blir nok fleire av dei framover!
Vidare gikk turen til Abu Dhabi, på denne flyturen var vi så heldige å få fire sete for oss sjølv, luksus! Når vi kom fram vart Anne-Guro VELDIG engasjert over pysjamasfolka, dvs sånne folk med arbisk klesdrakt. Guro derimot, var ikkje like entusiastisk og var meir opptatt av å få tilgang til Facebook.
Frå Abu Dhabi gikk flyturen vidare til Singapore (der det btw er dødsstraff for trafficking og drugs. Guro var redd nåken hadde planta drugs på ho, men det hadde dei heldigvis ikkje!).
Turen gikk vidare, og etter mange tima med ymse filma av ymse kvalitet, ekkel flymat, folk som spydde og snorka og unga som skreik, nådde vi endelig fram til Brisbane! Her møtte vi på problem nr to. Då vi skulle skrive toll-erklæring visste vi ikkje kas land Singapore låg i..... Det ligg i Singapore... Takk til det eldre ekteparet på flyet som kunne informere om det.

Då vi kom fram sjekka vi inn på YHA Brisbane City, noko som bringte tilbake mange flotte minner frå forrige Australia tur for oss begge. Denne gangen hadde vi heldigvis tomannsrom i stedet for timannsrom! Det var vi vel ganske nøgde med. Utover dagen tok vi beina fatt og besøkte Kelvin Grove Campus, der vi skal tilbringe mykje av tida vår det neste halve året. Campusen var ganske så stor med bygningar nummerert frå A-Z, og ikkje så heilt få etasjar. Kan bli ei utfordring å finne fram. Vi sovna kl 8 med eit par oppvåkningar i løpet av natta, før vi endelig sto opp kl. 05.00. Kanskje 3 tima søvn den natta?

Etter vårt lille besøk på Kelvin Grove dagen før, hadde vi neste dag ein avtale med ein eigendomsmeklar for å leite etter bustad. Utanfor Accommodation kontoret traff vi på to norske jenter, som og hadde tatt samme fly som oss. Dei slo seg sammen med oss på visning, og rett som det var bestemte vi oss for å bli roomies! Deretter tok vi helserunda! Her går det fort i svingane. Eigendomsmeklaren vår var ei veldig løyen dame, med verdens mest tvilsomme rånebil. Skiltet leste "Next2you". Bilen mangla innreiing og setebeltene funka ikkje, flott det! Men leilighet fikk vi oss, og i går flytta vi fire inn i kollektiv med åtte andre. Blant dei er det fem skotske, to frå Australia og til saman er vi fem norske! Sidan verken Anne-Guro eller Guro har budd med meir enn to andre, kan jo dette bli spennande! Men vi ser positivt på det, og ser på det som ei annledning til å bli kjent med mange, og snakke mykje engelsk. Alle virka veldig trivlige, og vi trur vi kjem til å komme godt overens. Vi spurte husverten om det var mykje slangar og edderkoppar i området, og han kunne forsikre oss om at det var det ikkje, i alle fall ingen dødlige. Dette sette vi stor pris på, ettersom vi ikkje er veldig begeistra for desse. Det første som møtte Anne-Guro på rommet, var spindelvev med edderkopp i. Ho snudde i døra og spurte den australske roomien nokså skjelvande etter råd. Guro begynte å sjekke under senga for slangar.

Dei to siste kveldane har vi fått drukke litt vin på takterrassen på YHA i godt selskap sammen med Ida, Tina, Vegard, Kim og Erik. Utelivet fikk vi testa i går, og det blir ikkje siste gong!

Til alles forbauselse våkna vi opp veldig friske og raske i dag (etter fire timar søvn), og vi tok turen til South Bank beach sammen med vår norske roomie Steffen. Etter eit par tima i sola var vi svette og fæle (kanskje ikkje så rart når det var 30 grader og så og seie skyfri himmel) og vendte nasa heim. I kveld blir det tidlig kveld, då vi framleis er veldig jet-lagged og har sove i gjennomsnitt fem tima per natt. I natt går vi for å sove i minst sju!

Til orientering skal det komme bilde, men det har vore så mange inntrykk at vi rett og slett har glømt vekk kameraet. Vi skal bli flinkare å ta det med, men nokre bilder har vi tatt, og desse skal vi dele med dåkke etter ei god natts søvn!

xoxo (må skrive det for å tilfredsstille Gossip Girl fan Guro Joakimsen)

God natt frå oss i Aussieland!

4 kommentarer:

  1. Første kommentar på nye bloggen? yes!
    Mvh sondre
    Ps. høyrest gøy ut!
    ps2. skriv du om deg sjølv i 3.person? eller bytta dåkke på å skrive?

    SvarSlett
  2. Syns det var veldig koslig at du var den første som kommenterte sondre! ;D nei, vi lurte no litt på det her, eg skreiv på dataen, men vi skreiv i lag, så då går det greit eller? :p e ikkje veldig fan av å bruke 3.person (;

    SvarSlett
  3. Digg! herved er Kaia Blank FAST inventar! Dåke e KUUULE!

    SvarSlett
  4. Supert Kaia! det kan vi like :D du og e kuuuul!

    SvarSlett