tirsdag 28. februar 2012

O-week og skulestart

Her kjem nok eit forsinka blogginnlegg, dette lovar ikkje godt!

No er det altså over ei veke sidan sist vi blogga, og i løpet av den tida har det skjedd ymse!

Forrige helg arrangerte vi BBQ i hagen vår og det var veldig koselig. Blant gjestane var dei andre norske sjukepleiarstudentane og litt andre kjente. Andrew var grillmester og bakte "Pavlova", som er ei marengskake med krem og frukt. I løpet av kvelden fikk vi og vist gjestane våres dei fagre kjæledyra vi har i hagen vår.
Vilde (norsk spl.stud), Ida, Tina og Brita (norsk spl.stud)

Baptiste (venn av Vegard S) og Vegard K (norsk spl.stud)

Grillmester Andrew

Våre "søte små" kjæledyr i hagen.


"Pavlova"

Orientation week begynte forrige veke, og det var eit virr varr av informasjon som vi allereie hadde hørt opp til fleire gonger før. Ellers gikk veka til litt festing, deriblant bursdagsfeiring for vår skotske roomie Ryan!

Jentegjengen ventar på ferja for å reise og ete bursdagsmiddag

Bursdagsbarnet!

Gemza!

Flotte hattar ute og går
Tina, Ida og Guro fin på vin

Ellers kan vi informere om at vi har kjæledyr innandørs og! Guro fikk eit sjokk ei natt ho kom heim frå fest og såg at ho hadde fått seg ein ny roomie! Lille Petter edderkopp hadde bestemt seg for å flytte inn, mens Guro bestemte seg for å flytte ut (for natta). Natta blei tilbrakt på Tina sitt golv, og morgonen etter endevendte Guro og Tina rommet for å finne Petter. Han gjømte seg under senga, og før dei visste ordet av det var han borte vekk! Denne leitinga gjentok seg eit par gongar, Petter blei oppdaga, men forsvant like fort igjen (til Guro sin store fortvilelse). No har ikkje vi sett Petter på nokre dagar, og Guro og Petter lev i fred og harmoni inne på rom nr 1.

Lille Petter edderkopp sitter på vindauget

Mark har vore litt heldigare enn Guro, han har fått ein ny roomie "Glenn the gecko". Ida har også fått seg ein venn, men denne er nok litt mindre levande.



Ida og hennar beste venn, vifta. 


Vapiano, vår nye favorittrestaurant! Den har vi allereie besøkt ein 4-5 gongar, og det blir nok eit par gongar til i løpet av detta halve året. 




Denna veka begynte skulen med eit pang. I går fant vi ut at vi hadde ei oppgåve som skulle vere ferdig to dagar seinare, så vi brukte store delar av dagen på å gjere denne. Det vil sei at vi egentlig ikkje skjønte så mykje, og endte opp med å legge oss i stedet. Vi fikk i det minste lånt med oss to bøker frå biblioteket, så desse slepp vi å kjøpe. Hurra! I dag fant vi ut at vi har ei oppgåve til som skal gjerast ferdig denna veka.


På vors hos norskegjengen
No gjenstår det berre litt fadderveke, så skal vi bli seriøse studentar på fulltid. I morra skal vi opp kl 6, så no seie vi god natt frå Brisbane. Som dei seier på skulen vår: Feel safe at night, sleep with a nurse!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar