torsdag 16. februar 2012

Fint på ferie

Hei bloggen!

Då va vi omsider tilbake med nye oppdateringar! I helga var ti av tolv huskameratar i Surfers Paradise og utforska gullkysten. Det gikk mykje i grilling (av kroppen) på stranda og litt morro på kveldane. Dei fleste synes kombinasjonen mellom svette, solkrem og sand var noko slitsom, men Anne-Guro satt pris på gratis peeling av kroppen.

Hostellet vi hadde booka oss inn på viste seg å vere ein skuffelse. Sjølv om det forsåvidt låg veldig sentralt, var det ganske nedslitt og rusje. Sengekleda var skitne, ingen gaffel til spagettien, og generelt litt småsurt personell. I godt selskap blei det likevel eit bra opphald!

Utelivet i Surfers var i god Ayia Napa stil, noko som ikkje falt heilt i smak hos pub-elskaren Anne-Guro. Den første kvelden vi var ute, blei vi spydd på. Sjølv om vi er sjukepleiarstudentar og har sett litt ymse før, fekk vi nett nok av denne situasjonen og det blei ein brå slutt på den kvelden. Siste kvelden var vi på fest hos nokre vener av Tina og Ida på campusen til Griffith University. Fint å få snakke litt norsk etter gammalt!

Til tross for mykje festing, gjorde vi også litt anna sprell. På lørdagen var heile gjengen minus Anne-Guro i "Wet ´n Wild" badeland, og det var i følge Guro veldig morro. Anne-Guro tilbrakte dagen i sola i eit desperat forsøk på å bli brun - failure.



På uteplassen vi vart spydd på, hadde dei ein veldig eksklusiv jentedo som visstnok kosta kring 3 millionar dollar.

ENDELIG fann vi Captain Morgan og Cola! Happy girls!

Heile gjengen + ein random amerikanar tek seg ein øl.

Her er vi alle på tidenes mest tvilsomme hostell.

Jammen har dei skyskraparar i Surfers og!

Anne-Guro, Guro og Gemma på hostellet

På Griffith University måtte vi ty til alternative glass. Sånn er det å vere student i Australia!

Ninja Andrew beskytte skallen mot sola. 

Alternativ hatt.

Vi testa ut oksygenbaren.


Porsjonane på Hard Rock café var litt for store for Anne-Guro. Her er vi forsynt allereie.
Anne-Guro på Hard Rock café 
Guro på Hard Rock café




I går var vi i "Movie World", ein fornøyelsespark ein time unna Brisbane sammen med gutta boys. Her hadde dei ulike show, berg og dal - baner og mykje anna morro som høyrer saman med dette. Vi blei veldig nøgde då vi oppdaga at dei hadde Ben & Jerry´s is og åt oss mette på det. For dei som ikkje veit det har Anne-Guro ein liten skrekk for høgder, men trossa dette og blei med på alle banene! Etter den største bana blei det felt eit par tårer, men dette blei fort gløymt att (Anne-Guro vil gjerne legge til at det var gledestårer fordi ho overlevde denne turen). Då vi kom heim blei det nok ein tur på byen, noko vi ikkje set så stor pris på i dag. 

Her kjem nokre fleire bileter. 




Tømmerrenna.


Gutta boys blei litt våte i tømmerrenna.

People dryer. 

Anne-Guro og Guro tok ein svipptur til Ville Vesten.







Her er ein liten snutt av showet vi fikk sjå.




f.v Ida, Anne-Guro, Vegard, Tina og Steffen.

Tina, Ida og Guro

Vegard blir fin på vin.

Trengte berre fire vifte for å overleve vors i leiligheta. Neste gong blir det fleire.

Ida og Guro

Koala høgtaleren Petter er god å ha!


Dagen i dag har vore veldig lite innhaldsrik, så no ventar senga. I morra blir det fest med dei andre norske sjukepleiarstudentane, og lørdag blir det BBQ i bakgården vår. 

1 kommentar:

  1. ååå. dåke e så GOE. ler når eg les:) Å TØFFE Arne Hugo då, som face fearen :) :) :)

    ENJOY ENJOY ENJOY!

    SvarSlett