onsdag 14. mars 2012

Overskrift: Tom for kreativitet

Hei bloggen!

Då var det på høg tid med eit nytt blogginnlegg! Kvar dag er fortsatt ein fest (vertfall dei dagane det er sol), men me prøve vårt beste å vera litt seriøse studentar i ny og ne.

Det nyaste på skulefronten er at me har bytta vekk eit fag då det viste seg at det faget vi egentlig skulle ta inneheldt dei samme emnene som vi tok i eit fag i Norge forrige semester. Vi har derfor bytta til Pain Management and Nursing Practice, og me ser fram til å bli noken hylara på smertelindring. Utover dette går skulen sin vante gang og me like å tru at me blir bedre og bedre i engelsk...

Dei dagane sola titte fram tar me oss tid til å fylle kropp og sjel med D-vitamin frå sola på South Bank. Etter ein lang dag med soling og bading gjer det godt med litt mat i magen og den eine kvelden denne veka samla vi oss ein liten gjeng å grilla der i kjent australsk stil. Som amatør-grillara hadde vi glømt eindel utstyr, men heldigvis var det hardbarka grillara som stilte med både olje, isbita og papir. Kjekt med hyggelige australiara :) Vellukka kveld!
Grillmesterane Anne-Guro og Brita




Heile gjengen samla 







På torsdag var vi med på "Brisbane's biggest pubcrawl" arrangert av NORSK, ein studentorganisasjon, der ca 500 studenta deltok. Alle var delt inn i rødt, kvitt og blått lag. Dette var ein heidundrandes kveld med mykje moro. Anne-Guro vant limbokonkurranse på ein av pubane og gleden var stor heilt til ho fant ut kva premien var: Fallskjermhopp!

Gjengen på vei til neste pub!

Anne-Guro med premien sin

Vinnaren (Anne-Guro) av limbokonkurransen 2012
 


Gjengen i baren

Nøgde med kvelden!




På lørdag var vi på housewarming/BBQ hos Vegard S og der traff vi på førdianaren Henriette. Hyggelig å sjå eit kjent fjes down under. Vi grilla og kosa oss utover kvelden, og fornuftige som vi er var vi edru og tok tidleg kveld for å vere friske og opplagte til å studere neste dag.

Anne-Guro kokkelera

Brita, Guro Ø. og Henriette

Halvspist heimelaga grillspyd. Mmmm!

Guro og Henriette
Taparane Vegard S. og Anne-Guro




Ellers har Guro klart å knuse iPhonen sin denne veka. Heldigvis er reparsjonen billig og rask (det tar ein heil time..), så det var litt hell i uhellet likevel.
På fredag går turen til Byron Bay med 100 andre internasjonale studenta, så no gler vi oss til helg!

God natt frå Brissy!











2 kommentarer:

  1. Eg blir sur om du dropper muligheten til gratis skydiving, Anne-Guro! Spørsmål: er det faktisk så fantastisk som det ser ut som der nede?? Miskunnsam

    SvarSlett
  2. Då får du berre bli sur, høgdeskrekken har tatt overhånd. Det er bedre enn det ser ut :D LOL (Love our lives)

    SvarSlett